Informasjon
Her finn du all oppdatert informasjon for foreldre: vedtekter, årshjul, referat frå årsmøte og praktiske rutinar.
Praktisk informasjon
Det viktigaste du treng å vite om kvardagen vår.
- Opningstider
- Måndag til fredag kl. 07:30–16:30.
- Måltid
- Vi serverer enkel, sunn frukost, lunsj og frukt. Maten er inkludert i månadsprisen.
- Klede og utstyr
- Vi er mykje ute, så barnet treng klede etter vêret og eit ekstra skift i sekken.
- Sjukdom
- Sjuke barn må vere heime. Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.
- Ferie og planleggingsdagar
- Barnehagen har fem planleggingsdagar i året. Vi har stengt fire veker om sommaren, heile påskeveka (frå måndag etter palmesundag til og med 2. påskedag) og frå vesle julaftan fram til første arbeidsdag i påfølgjande år. Sjå årshjulet for datoar.
Vedtekter
Vedtektene fastset rammene for drifta av barnehagen.
Lastar…
Årshjul
Aktivitetar, høgtider og merkedagar gjennom året.




Lastar…
Årsmøte
Innkallingar, referat og dokument frå årsmøta våre.
Innkalling
Lastar…
Referat
Lastar…
Kjøp av andel
Vike Montessoribarnehage er ein privat barnehage organisert som samvirkeføretak (SA).
Familiar kan kjøpe ein andel i samvirket. Som andelseigar er du medeigar i barnehagen og har røysterett på årsmøtet.
I opptaksreglane våre vert søkjarar med andel prioriterte framfor søkjarar utan. Har du allereie barn hos oss, eller søkjer plass og ønskjer å styrkje søknaden, er kjøp av andel eit alternativ å vurdere.
Dei fullstendige vilkåra — pris, rettar og korleis du kjøper eller overdreg ein andel — er omtala i vedtektene våre.

